Om oss

På Gaffel og Vaffel Kulturhuscaféen står norsk og lokal mat i fokus!

Me held til  i Bømlo kulturhus, midt på Svortland, og her serverer me vellaga, og sjølvsagt heimelaga, mat. Me vil basere oss på gode norske og lokale mattradisjonar og gjerne med bruk av lokalproduserte og kortreiste råvarer. Samtidig ynskjer me å ta i bruk nye produksjonsmetoder og bli inspirert av nye råvarer og rettar, slik ein har gjort langs kysten til alle tider, berre tenk på poteta som blei så viktig for folk i heile landet – Bømlo var ein av stadane i landet som byrja å dyrka potet, med presten Hertzberg i spissen. I dei ulike sesongar vil me servere mat produsert på Bømlo, som pinnekjøt frå Rubbestad eller fisk og skalldyr frå da rika havet rundt øya.