Kulturhuscaféen på Bømlo
Kulturhuscaféen
På bredda av storavatnet, midt i sentrum ligg Bømlo Kulturhus. Der finn du oss på kulturhuscafeén. Her finn du og Bømlo kino og eit av norges finaste bibliotek, og Bømlo kulturskule. Gaffel og Vaffel leverer mat og drikke til kurs og konferansar på huset. Til større arrangement og konsertar har me eit mål om å halde ope fram til konsertstart. Nokre gonger og etter arrangement slutt.
Ved arrangement det passer søker me og om løyve til å skjenke alkohol til dei som måtte ynskje det.
I caféen er det ope for alle for kjøp av mat og drikke. Me har tradisjonsrettar som kjøttkaker og komla på dagens rett, og frå vår meny kan du bestilla påsmurt, lasagne, hamburger og meir.
SUNDAGSMIDDAG
Hos oss er da sundagsmiddag kvar sundag heile året. Me opnar kl 13.00 og stenger buffeten kl 16.30 og dørene kl 17.00
Mesaninen
I andre høgda (mesaninen) kan me dekke til selskap til ca 30 personar. I heile caféen kan me dekka til omlag 65 personar