Velkommen til kurs og konferanse i Bømlo kulturhus

Kurspakkene våre er priset pr person og inkluderer kaffi/te, oppdekking/servering og mva.
Kaffi/te/vatn er tilgjengeleg gjennom heile kurset. Til påsmurt kan du velje eit utval av pålegg som kylling og karrisalat, reker og majones, spekeskinke med brie, karbonadar med løk, røykt laks med eggerøre eller ost og skinke. Våre heimelaga supper kan du velja mellom kylling, betasuppe, ertesuppe og ulike grønnsaksupper.
Andre ynskjer? Me tilpassar menyen til deg.

Raskt og enkelt – Kr 135
Bagett eller varm suppe

Ein god pustepause – Kr 165
Fruktfat til morgonkaffien
Focachette/ havretrekant eller varm suppe

God og mett – Kr 195
Fruktfat til morgonkaffien og fyrste pause
Focachette/ havretrekant, 4 tradisjonelle smørbrød, eller varm suppe
Wienerbrød eller kanelsnurrer eller anna bakverk til ettermiddagskaffen

God og mett-varm lunsj – Kr 225
Fruktfat til morgonkaffien og fyrste pause
oksegryte med ris og salat, lasagne med salat og brød, wok med kylling og nudler
Wienerbrød eller kanelsnurr til ettermiddagskaffen

Den store lunsjen – kr 395
(minimum 24 personar)
Fruktfat/kjeks/sjokolade gjennom dagen
Lunsjbuffèt med 3 varme og 4 kalde rettar med tilbehør
Bakverk til ettermiddags kaffi

Vil du by på noko litt utanom?

Prøv  våre grove vaflar med pålegg, for eksempel med skalldyrrøre med røykelaks eller fenalår med eggerøre. Me har eit utval av tapasrettar og fingermat tilpassa sesong og gjerne til ditt arrangement.

Ta kontakt med oss -saman skape me dei gode møta og pausane.